TRANSPORT SIDAN 1986


Det heile starta i 1986 – Dag Rykkje kjøpte firmaet Farestveit transport etter ti år som sjåfør. Han overtok to bilar; ein DAF 3300 og ein Mercedes Benz og endra navnet til Dag Rykkje Transport. Mercedesen vart bytt i ein heilt ny Volvo F12 med dekor av Krone kaffi og Køff.

Begge bilane gjekk for Tine frå Bergen-Voss og etter forespørsel gjekk han i 1988, inn for å køyre Trondheim-Bergen. Han utvida bilparken, ansatte ein ny sjåfør, og bilane køyrde fast meierivarer, Nidar og Toro. Denne ruta gjekk i 13 år med 4 ansatte.

Prisane gjekk gradvis ned, og i 1999 starta Dag utdanning på Trafikklærarskule i Stjørdal. Han dreiv firmaet fortsatt, til han var ferdig på skulen. I 2000 overtok Egil Tveit og fortsette køyringa Bergen-Trondheim. I 2009 starta eine sonen, Roger Rykkje, opp igjen firmaet som Rykkje Transport AS. I 2011 overtok andre sonen, Håvard Rykkje og er i dag dagleg leiar. Dei dreiv bedrifta begge frå heimstaden Rykkje, med både verkstad og bilpark i tunet. På våren 2017 stod verkstad klar i Sandvehagen industriområde, og alt flytta gradvis opp der – der me driv i dag. Firmaet har pr i dag 5 bilar som køyrer

med faste ruter mellom sør, aust og vest. Me køyrer for Vestlandske Limtre, Slaatto Sag og Høvleri og Begna bruk.